Fastlege 100% stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Voss kommune
Helseavdelinga
10 måneders vikariat som fastløna lege frå mai 2019
Dette er den perfekte stilling for deg som ynskjer å jobbe som fastlege med fast løn under trygge og stabile ramme. Stillinga har eit listetak på 800 pasientar og ein jobbar 37,5 timars arbeidsveker. Andre gode i stillinga er rett til fri med løn for obligatoriske kurs knytt til spesialisering i allmennmedisin, fri med løn etter nattevakter på legevakt m.m.
Som fastlege ved kommunelegekontoret vil du vera ein av 17 fastlegar i kommunen. Slik som stillinga er organisert i dag har ein fire kurative dagar på fastlegekontoret, og ein dag som lege på helsestasjon i same bygg. Dersom ein ikkje ynskjer 20% stilling som helsestasjonslege, kan dette imøtekommast.
Kommunelegekontoret på Voss er eit velfungerande kontor med tre dyktige fastlegar, ein turnuslege, to sjukepleiarar og merkantilt støttepersonell. Kontoret nyttar InfoDoc journalsystem og er i ferd med å ta i bruk digital dialog via pasientsky. Legekontoret ligg sentralt på Vossevangen og det tek om lag 5 minutt å gå til togstasjonen.
Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet. Legevakta er velfungerande, og lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er ca. 3-4 vakter i månaden og ein får fast timeløn i tråd med lokal særavtale.
Frå 2020 vert Granvin Herad og Voss kommune slått saman til ein kommune. Legekontoret i Granvin driftast i dag med legeressursar frå kommunelegane. Det må difor kunne påreknast eventuelle endringar i stillingas oppgåver og ansvar.
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
Offentleg/kommunalt helsearbeid, herunder både løpande oppgåver og kvalitetsforbetrings- og utviklingsarbeid
Deltaking i legevakt
Me søkjer
Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført turnusteneste
Gode samarbeidsevner og evner til å finna gode og heilskaplege løysingar
Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil vektleggjast
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stilling
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Voss kommune
Adresse
Uttrågata 9, 5700 Voss
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. mars 2019
Hentet fra: Voss kommune
Referanse: rekruttering.voss.kommune.no/recruitmentVK/opening?2065/18 EJH
Stillingsnummer: 7ce53cab-dab8-4353-9344-768cdc0e408e