Prosjektleiar
Org. nr: 833974724 Stillingsident: 4202620490 Presentasjon av stillingen:
Prosjektkontoret i Helse Bergen er føretakets byggherreorganisasjon med ansvar både for store og små byggjeprosjekt og for tida har vi 25 medarbeidarar. Helse Bergen vil i åra framover investere ca 1,2 mrd kroner pr år i bygg og insfrastruktur, derav 150 - 200 mill kroner pr år til medisinsk-teknisk utstyr. Vi skal dei neste åra gjennomføre fleire større og komplekse MTU- og byggje-/ombyggingsprosjekt. Vi søkjer difor fleire dyktige prosjektleiarar, som kan utfylle teamet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Vi ønskjer å tilsette to nye prosjektleiarar med erfaring frå byggjeprosjekt. Den eine kan med fordel ha omfattande erfaring og den andre kan ha noko mindre erfaring.
- Typiske arbeidsoppgåver er prosjektleiing av multidisplin-prosjekt, med utstrakt samarbeid med brukarmiljø
- Avhengig av kompetanse vil ein ha ansvar for spesielle område innan tekniske disiplinar, slik som vvs, elektro eller liknande
- Prosjektleiar vil ha ansvar for oppfølging opp mot entreprenør og byggjeplass, samt ha ansvar for framdriftsplanlegging og rapportering
- SHA/HMS-ansvar ligg også til stillinga
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelor- eller masternivå
- Fagutdanning med lang erfaring innan prosjektleiing, kan også vere aktuelt
- Bør ha erfaring frå gjennomføring av ulike byggjeprosjekt
- Generelle prosjektleiarar kan søkje, men det er ønskjeleg med ein fagkompetanse innan eit fagområde innan byggjebransjen
- Søkjar må vere sjølvstendig og løysingsorientert
- Gode kommunikasjonsevner og erfaring frå økonomisk styring av komplekse prosjekt er nøkkelkvalifikasjonar
Utdanningsretning
- Bygg og anlegg
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, men også kunne arbeide godt i team
- Gode kommunikasjonsevner og god til å leie andre
- Systematisk og analytisk
- Ha oversikt og kunne handtere fleire prosessar samtidig
- Meistre arbeid under press
- Nysgjerrig og opptatt av å finne gode løysingar
- Ha god foretningsforståing
- Må meistre norsk flytande
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i eit hektisk miljø
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Geir Egil Pedersen, Avdelingssjef, 93230516
Helge Bergmann, Ass. avdelingsleiar, 93042277
Arbeidsstad
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4202620490
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2020
Søknadsfrist: 20.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.