Ledige stillingar som reinhaldar
Eigedom, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. desember
Vil du bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø i Stad kommune? Vi søkjer etter reinhaldarar!
Eigedom har for tida ledig 1 x 100 % fast stilling frå så snart som mogleg. Stillinga har arbeidsstad i indre del av Stad kommune.
Eigedom har for tida ledig 1 x 100 % fast stilling som frå så snart som mogleg. Stillinga har arbeidsstad i ytre del av Stad kommune.
Reinhaldstenesta i Stad kommune er organisert i eining for eigedom saman med vaktmeistertenesta. Reinhaldstenesta er svært viktig i ein kommune med aktivitet i mange kommunale bygg og med ansvar for tenesteyting i private heimar. Reinhald er ei samfunnskritisk oppgåve som kan sikre tryggleik og gode arbeidsforhold for tilsette, elevar, barnehageborn og andre som nyttar kommunale tenester dagleg. Vi søkjer no etter nye tilsette og vil gjerne ha deg som vil bidra til å gjere Stad kommune til ei endå betre kommune!
Som reinhaldar i Stad kommune vil du få varierte arbeidsoppgåver innan reinhald av kommunale bygg og i private heimar. Reinhaldstenesta arbeider etter arbeidsplan med rullering, noko som betyr at du ikkje vil arbeide på same staden kvar dag, men på mange ulike stader i løpet av året.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ordinært reinhald i kommunale bygg og i private heimar
- Utføre periodisk reinhald etter plan
- Nytte tilpassa maskiner og utstyr
- Sørge for trygge og reine omgjevnader for tilsette og andre
- Bidra til å utvikle reinhaldstenesta
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør/reinhaldsfaget, men andre kan også søkje
- Meistrar norsk både skriftleg og munnleg
- Må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
- Er allsidig, fleksibel, serviceinnstilt og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Er grundig og effektiv
- Kan bruke digitale verktøy i arbeidet
Vi tilbyr
- Rotasjonsordning, slik at du arbeider på fleire stader etter plan
- Varierte arbeidsoppgåver
- Vi legg til rette for kurs og opplæring
- Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Vi kan tilby flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane!
Kontaktinformasjon
Ann-Mari Silden, Fagleiar reinhald, 90613351, ann-mari.silden@stad.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4884325077
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794689
- Hentet fra
talentech
- Referanse
da37e60ee5034fd6bb39412d24fdaea6