Fleire ledige stillingar i sektor for oppvekst
Har du lyst å jobbe innan oppvekst?
Vi har no fleire spanande stillingar i sektor for oppvekst frå august 2020:
- Rektor til Bergsøy skule avdeling Blåhaugen
- Lærarar til grunnskulen
- Barnehagelærar
- Støttepedagog barnehage
Søknadsfrist: 6. mars 2020
Herøy Kommune
Adr.: Pb. 274
6099 FOSNAVÅG
Tlf.: 700 81 300
Informasjon og søknadsskjema:
www.heroy.kommune.no
Om bedriften
Herøy er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Den grensar i sørvest mot Sande, over Rovdefjorden i sør mot Vanylven og Volda, og mot Ulstein i aust. Kommunen ligg i sin heilheit på øyer, men alle dei bebudde øyane er knytte saman med bruer. Herøy har eit stort næringsliv som først og fremst er knytt til maritime næringar. Kommunen er blant dei viktigaste fiskerikommunane i landet. Rederinæringa står svært sterkt. Kommunesenter er Fosnavåg. Kommunestyret vedtok i 2000 at Fosnavåg kunne kalle seg by.
Runde, med sitt fuglefjell, er eit kjent turistmål, medanTorvik i Herøy er stoppestad for Hurtigruten.
Du kan lese meir om kommunen her