SLT-koordinator
Stillingsannonsen er inaktiv.Bykle kommune, Helsetenesta Bykle og Valle
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Org. nr: 958 814 968 Stillingsident: 4403652791 Presentasjon av stillingen:
Vi gir rekrutteringstillegg på kr. 40 000 pr. år i 3 år for deg som har godkjent utdanning.
Bykle kommune og Valle kommune har felles helseteneste med Bykle kommune som vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle har 24 tilsette fordelt på legeteneste, fysioterapi, jordmor, helsestasjons- og skulehelseteneste samt psykisk helse og rustenesta.
Psykisk helse og rustenesta har ledig 50 % vikariat som SLT-koordinator frå 01.09.2021 til 30.06.2022 med moglegheit for forlenging. Tenesta har kontor i Valle, Bykle og på Hovden og er ansvarleg for å førebyggje, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit. Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområde i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesteområdet er tverrfagleg samansett av sosialterapeut, SLT- koordinator, ruskonsulent og psykolog.
SLT-modellen skal sikra god samordning av rus- og kriminalitetsforebyggjande tiltak for born og unge. SLT-modellen er ein forpliktande samhandlingsmodell som består av eit styrande nivå, eit koordinerande nivå og eit utøvande nivå. Målet er at kommunen sine born og unge skal få riktig hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper. SLT-koordinator skal vera bindeleddet mellom nivå og sikra at alle som arbeider med rus- og kriminalitetsforebyggjande tiltak samordnar tiltaka sine. Stillinga skal bidra til å identifisera utfordringer og til å vidareutvikla rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak.
SLT koordinator er organisert under psykisk helse og rustenesta.
Arbeidsoppgåver
- Tilretteleggja samarbeidsmøte mellom barnevern, politi, NAV, skule og andre relevante aktørar
- Jobbe målretta med å identifisera utfordringar i lokalmiljøet
- Bidra til felles problemforståing og kunnskapsbasert samordna innsats
- Spreia kompetanse om førebyggande arbeid
- Vera sekretær og kontaktperson i politirådet frå kommunen
- Vera ein pådrivar for det tverrfaglege førebyggjande arbeidde
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid og arbeid med born og unge
- Erfaring og kunnskap om tiltaksarbeid og førebyggjingsmetodar
- Kjennskap til politiet sine førebyggjande metodar og verkemiddel
- Må beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
- Grunnleggjande IKT-kunnskap, vi nyttar InfoDoc som journalsystem
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og med å byggja relasjonar
- Evne til å tenka heilskapleg og arbeida tverrfagleg
- Må kunne jobbe sjølvstendig og målretta
- Må vera motivert til å dele sin kunnskap med og å lære av andre
Vi tilbyr
- Høve til å påvirke og utforme arbeidsplassen
- Godt kollegialt fellesskap og ein arena for interessante, varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter kvalifikasjonar + 40 000 i rekrutteringstilskot
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- God pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Mangfaldige moglegheiter til friluftsaktivitetar både sommar og vinter
Det er krav om politiattest ved tilsetting
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Heinz Diehl, Tenesteleiar helse, 41449988, Heinz.Thomas.Diehl@bykle.kommune.no
Arbeidsstad
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommune
Referansenr.:4403652791
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 28.06.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bykle kommune, Helsetenesta Bykle og Valle
Adresse
4754 Bykle
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 28. juni 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4403652791_Bykle kommune, Helsetenesta Bykle og Valle_webcruiter
Stillingsnummer: 7bb2fbd0-5ce5-4fcd-b3a3-fffc54612806