Kommunepsykolog
Kommunepsykologar til Sogn - ledige stillingar
Årdal, Lærdal og Aurland kommune
Desse kommunane inngår i samarbeid om psykologtenesta og søkjer etter 2 psykologar. Tilsetting vert ved Sogn Lokalmedisinske senter (LMS) i Lærdal. Psykologane vil arbeide organsisatorisk i nær tilknyting til felles kommuneoverlege og som del av eit team lokalt i dei 3 kommunane.
Kommunane har følgjande overordna mål for psykologtenesta:
- førebyggande tiltak primært for barn og unge på individ og gruppenivå der også rettleiing vil vere ei sentral oppgåve
- klinisk behandlingstilbod til barn, unge og vaksne
- tett samarbeid med barnehagar og skular, helsestasjonen, legetenesta, psykisk helseteneste, barnevern og andre relevante instansar
Kvalifikasjonskrav
- erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er ein fordel
- grunnleggande IKT-kompetanse
- interesse for forsking og fagutvikling er ein fordel
- gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg med god framstillingsevne
- personlege eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert
- må ha sertifikat kl B og disponere eigen bil
Me kan tilby
- gode arbeidsforhold med eit aktivt og engasjerande arbeidsmiljø
- konkurransedyktig lønn i tråd med tariff
- hjelp til å skaffe bustad
- kommunane legg til rette for relevant vidare- og etterutdanning og spesialisering samt deltaking i relevante faglege nettverk
Tilseting skjer på vanlege kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, reglar og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Med heimel i helse og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.
Send søknaden via
Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar"
Søknadsfrist 20.05.2019 Utlyst dato 11.04.2019 Vårref 661
Kontaktperson
Arne Johansen, Kommunalsjef helse og omsorg, mobil: 41688422, arne.johansen@laerdal.kommune.no
Om bedriften
Kommunane Årdal, Lærdal og Aurland har tilsaman 9000 engasjerte innbyggjarar.
Kommunane har ulike særtrekk kvar for seg, men har også mykje til felles. Mellom anna
storslegen vestlandsnatur som strekk seg frå inst i Sognefjorden, gjennom frodige dalar til
ville høgfjell. Fjella og naturen elles kan såleis by på rike naturopplevingar sommar som
vinter. Kjende landemerke som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Lærdalselva, Borgund
Stavkyrkje, Kongevegen over Filefjell og Vettisfossen ligg alle i regionen. Næringsgrunnlaget
er ulikt. Årdal er mest kjend for industri, Lærdal for landbruk og Lærdal Sjukehus, medan
Aurland mest av alt er kjent for turisme. E16 går gjennom to av kommunane og sikrar gode
samband både mot Bergen- og austlandsområde. Lærdal er vertskommune for Helse
Førde/Lærdal Sjukehus og Sogn Lokalmedisinske senter.