Helsefagarbeidar 2 x 75 % fast stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Surnadal kommune Heimetenesta
Bårdshaugvegen 35, 6650 Surnadal
Heimetenesta i Surnadal kommune har ledig 2 x 75% faste helsefagarbeidarstillingar i heimesjukepleiar.
Stillingane inngår i turnus med arbeid f.t tredje kvar helg med oppgåver i heimesjukepleia og elles i eininga.
Arbeidsoppgåver:
- Pleie- og omsorgsarbeid
- Respons på tryggleiksalarmarD
- Dokumentasjon og oppfølging av tiltak
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing av elevar, lærlingar og vikarar
- Samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre
Andre oppgåver i Heimetenesta kan bli aktuelle.
Oversjukepleiar er næraste overordna.
Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:
- Autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar, evt anna helsefagleg bakgrunn kan vere aktuelt
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både muntleg og skriftleg
- Kunne bruke dataverktøy til dokumentasjon og finne informasjon
- Fagkompetanse og basiskompetanse som bidreg positivt til fagutvikling og arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer oss medarbeidarar som er:
- fagleg trygge
- motiverte til å lære og er pådrivarar til utvikling og endring
- som kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid men som òg er god i teamet
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø med vekg på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle etter reglanen i kommunen sin personalplan
Tilsettingsvilkår
Du må ha førarkort kl.B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Surnadal kommune Heimetenesta
Adresse
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om stillingen
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Deltid
Sist endret: 6. mars 2023
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 3110897_188829_nn
Stillingsnummer: 7b31dcc2-a4c8-4c9c-8c8c-5a522b1b180e