LEDIGE LÆRARSTILLINGAR VED BRAKANES SKULE
100 % fast stilling som lærar
70 % fast stilling som lærar
Inntil 50 % vikariat som lærar
Brakanes skule har ledig ei 100 % fast lærarstilling og ei 70 % fast lærarstilling frå 01.08. 2021. Me har også ledig inntil 50 % vikariat frå 01.08.2021 og ut skuleåret, under føresetnad av at søkjar får plass innanfor kompetanse for kvalitet.
Til den eine stillinga ynskjer me lærar som har kompetanse innan matematikk for 5.-10. kl. Me er elles veldig interessert i deg som har kompetanse innanfor programmering. Av andre fagområde me har bruk for kan nemnast musikk.
Til den andre stillinga søkjer me ein som kan vera aktuell som kontaktlærar i 1.-4. kl. eller på 5.-7. kl. Me legg vekt på at du har erfaring med den første lese- og skriveopplæringa, gjerne STL+ på iPad.
Elles søkjer me etter lærarar som er engasjerte, nytenkande og samarbeidande.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden.
Gyldig politiattest må leggjast fram før arbeidsstart.
Søknaden kan fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no, eller du kan senda den til postmottak@ulvik.kommune.no. Du kan og senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål til Ulvik herad, Postmottak, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Rigmor Hanssen, tlf.: 4000 7153, e-post: rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no.
Bruk referanse nr 21/165 når du søkjer på dei faste lærarstillingane.
Bruk referanse nr 21/166 når du søkjer på vikariatet.
Om bedriften
Brakanes skule er ein 1 -- 10 skule, med 115 elevar. Til hausten får me ein ny flott gjeng med 18 førsteklassingar. Det gledar me oss til!
Skulen legg vekt på god klasseleiing/læringsleiing og klassemiljøarbeid. Skulen er ein trivselsleiar-skule, og me har 30 min fysisk aktivitet for alle elevar -- kvar dag! Det digitale har me arbeidd mykje med dei siste åra. Framover skal me ha auka fokus på lesing, både på digitale flater og i bøker. Me skal innføra eit dynamisk kartleggingsprogram som heiter Leselos. På uteleikeplassen vår har me fått ny ballbinge, og me fått spelemidlar til å finansiera ei aktivitetsløype.
Me har eit tett samarbeid mellom skule, kulturskule og SFO.