Støttekontakt - Heimetenestene
Org.nr.:939901965 Stillingsident: 20/4846 Presentasjon av stillingen :
Stillingstype: Vi søkjer etter støttekontakt til vaksne. Mange personar i Heimetenestene har behov for støttekontakt.
Arbeidsoppgåver Støttekontakt er eit tilbod som gis til personar som treng hjelp for å få ei meningsfull fritid og samvær med andre. Tilbodet baseres på den enkeltes sine ønsker, behov og forutsetningar
Kvalifikasjonar -Det stilles ingen krav til utdanning for støttekontakter. Du vil få rettleiing og oppfølging av oppdragsgjevar.
Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som kan vere ein trygg, god og omsorgsfull vaksen for andre med samsatte behov. Du er:
- påliteleg og stabil
- tolmodig og tar deg tid
- har respekt for andre mennesker
- er fleksibel, men samtidig kan sette grenser
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
Vi tilbyr
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser Oppgi referanser. Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentliggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Elisabeth Sylte, Tlf: 71 18 10 05, Mobil +47 41518322, Epost: elisabeth.sylte@vestnes.kommune.no
Om bedriften
Heimetenestene ligg i Vestnes sentrum nær både bussknutepunkt og hurtigbåt til Molde. Eininga består av heimesjukepleie, heimehjelp, heimevaktmester, fysioterapeut, ergoterapeut, fotterapeut og dagsenter.
Tenestene har brei tverrfagleg kompetanse. Personale i heimetenestene er ein arbeidsvillig gjeng med dyktige fagpersonar som har som mål å gje tenester med god kvalitet.