Teaterlærar
Stillingsannonsen er inaktiv.Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad Austevoll kommune har ledig 16 % fast stilling som teaterlærar med arbeidsstad f.t. kulturskulen. Stillinga er ledig frå 01.08.2021.
Stillinga kan kombinerast med stilling i grunnskulen
Ansvars- og arbeidsoppgåver Undervisning i teater.
Kvalifikasjonar Utdanning:
Pedagogisk og/eller teaterfagleg utdanning. Realkompetanse kan og vektleggjast.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Audun Alvsåker, Tlf: 55081220, Mobil 92603186
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Adresse
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 16. mai 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2661709dep180243_Austevoll kommune_stepstone
Stillingsnummer: 7b0a868a-132e-4165-8a6a-967c621c4f5b