Ferievikarar Pleie og Omsorg
Org. nr: - Stillingsident: 4343009787 Presentasjon av stillingen:
Pleie og Omsorg i Sveio kommune omfatta :
- Heimetenesta utføre heimesjukepleie og praktisk bistand/ reinhold i heimen.
- Sveio Omsorgssenter har sjukeheim med 3 avdelingar, kjøkkendrift og reinhold/vaskeri.
Våre tilsette skal avvikle sommarferie, difor treng me deg for å kunne gi gode tenester gjennom sommaren. Fyll du 18 år før 1. juni 2021 kan du søkje.
Me er spesielt interessert i deg med helsefagleg bakgrunn, men også deg som er under utdanning. For helsepersonell kreves norsk autorisasjon. Andre med interesse for fagområdet er også velkomne til å søkje.
Ferievikar perioden er frå 21. juni til 15. august og du bind deg til å jobbe samanhengande i minst 6 veker i 100 % stilling i denne perioden. Som ferievikar må du rekne med å jobbe i turnus med vakter dag, kveld, natt og anna kvar helg. I enkelte stillingar kreves det ordinært førerkort for bil (klasse B). Vikarer innan helse og omsorg må levera tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Søknadsfrist er satt til 31.mars, men tilsetjing vil skje fortløpande.
For meir informasjon om stillingane ta kontakt med kvar einskild eining.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe pasientar og brukarar med dagleg gjeremål som; tilrettelegge måltid, stell, miljøretta aktivitetar
- Ansvar og arbeidsoppgåver vert tildelt i samsvar med kompetanse og erfaring
- God opplæring vil bli gitt
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg erfaring er ein fordel
- Studentar og elevar med helsefaglig bakgrunn vil bli prioritert
- Andre med interesse for området kan også søke
- Kunne kommunisera både skriftleg og munnleg på norsk
- Kunne jobbe samanhengane i minst 6 veker
- Godkjent politiattest
- Førerkort klasse B (heimetenesta / natt)
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig
- Du er lojal, punktlig og pliktoppfyllande
- Du har fokus på kvalitet i tenesta
- Du må kunne handtere utfordrande arbeidsoppgåver
- Du er fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Sommarjobb i 100 % stilling
- Lønn iht gjeldande avtalar
- Arbeid som er viktig, utfordrande og variert
- Godt fagmiljø
- Triveleg arbeidsplass
- God opplæring
- Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer
Kontaktinformasjon
Camilla Selbak, Eininsleiar Sveio omsorgsenter, 53 74 82 56
Hildegunn Lindaas, Einingsleiar Heimetenesta, 53 74 82 30
Arbeidsstad
Åsvegen 3
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4343009787
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 21.06.2021
Sluttdato: 15.08.2021
Søknadsfrist: 31.03.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.