Undervisningsinspektør, 50 % fast, Kvinnherad kulturskule
Vi søkjer
Kvinnherad kulturskule søkjer undervisningsinspetør frå 01.08.2020.
Stillinga kan kombinerast med ei undervisningsstilling i kulturskulen, viss ein ønskjer ei større stilling i kulturskulen og har nødvendige pedagogiske kompetansar i dei faga der kulturskulen har behov for lærarkompetanse,
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåver:
- Opptak av nye elever
- Timeplanlegging
- Konsertansvar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Medansvar for fagleg utvikling av kulturskulen i samarbeid med rektor
- Kontakt og koordiering
Kvalifikasjonar
-
Relevant høgare utdanning frå musikkkonservatorie/høgskule/universitet innan kunst/kulturfelt. Tilleggsutdanning innan administrasjon og leiing er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.
-
Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk
-
Kunnskap om leiing, personalarbeid og god IKT-kunnskap
-
Erfaring frå pedagogisk arbeid/kulturskule
-
Referanse frå tidlegare arbeidsgjevar.
Personlege eigenskaper
- Stor arbeidskapasitet og arbeidsglede
- Er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og løysningsorientert
- Evne til å motivere, samarbeide og til å skape entusiasme
- God evne til å kommunisere med born og vaksne
- Positiv
- Godt humør
Vi tilbyr
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Arbeidstakarar vert til sett i Kvinnherad kommune etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
Ved tilsetjing må det leverast politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
Vi tilbyr:
Ein spennande jobb i ein velfungerande kultuskule
Eit hyggeleg kollegium med sterk fagkompetanse
Gode arbeidstilhøve og fine øvingslokaler i det nye kultuskulesenteret på Husnes
Løn etter gjeldande regelverk
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemnd
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad kultuskule vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.Kvinnherad kulturskule, 5460 HusnesKvinnherad kulturskule har rundt 700 elevplassar, 10 årsverk fordelt på 16 personar. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar. Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i nytt kulturskulesenter på Husnes. Dei nye lokala er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek.