ID 1785 Fastlegeavtalar - Legetenester
Det vert ledig 3 fastlegeavtalar med til saman 1800 personar på listene. Kommunen vil leggja til rette for næringsavtale eller fastlønna stillingar ut frå søkjar sine ønske. Det er fleire høve for lokalisering og dette må drøftast med søkjar og aktuelle senter i kvart einskild tilfelle. Kommunen vil og leggja til rette for etablering av ny heimel/stilling ut over desse, for å betra tilgjenge til fastlegar i kommunen. Alle dei aktuelle praksisane er sentralt lokaliserte i moderne lokale, med elektroniske pasientjournal og eigne kvalitetssystem. Det er god drift, stabile arbeidsstokkar og tilsette med lang erfaring i alle praksisane.
Vilkår for avtalane
Me vil strekkja oss langt for å koma i møte faglege utviklingsbehov anten søkjar er spesialist eller treng spesialisering som allmennlege. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd og kan gje rettleiing og supervisjon frå røynde legar. Fastløna legar får gode permisjonsordningar og næringsdrivande LIS lege vil få årleg utgiftsdekking knytt til vidare og etterutdanning.
Legen får gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved dei aktuelle kontora. Kommunen vil leggja til rette for at fastlegane skal ha trygge arbeidsvilkår med omsyn til familieliv, økonomi og fagleg fellesskap og utvikling.
Vaktordning
Legen må ta del i vaktordning på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt. Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.
Vi legg vekt pågode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette.
Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk*.*Det må leggjast fram politiattest.
Kommuneoverlege Petra Turet Olsen kan kontaktast på 480 62 688, e-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no.
Kontakt elles gjerne Stord legesenter v/Dag Frode Valen Johannesen på 95076278, e-post: dfvj@sklbb.no eller Landsbylegane v/Gunhild Sundal på 922 87 628, e-post: gunsun@broadpark.no for nærare opplysningar.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Kommunen har stabil legeteneste, men treng utviding for å betra kapasiteten. Det er godt samarbeid med dei andre faggruppene i helse og omsorgstenesta. Alle legesentra har gode lokale og fleire av dei vil leggja til rette for utvida tal på legar.