Psykologspesialist
Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykologspesialist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
Vi søkjer ny kollega!
Som psykologspesialist i seksjonen vår blir du ein del av eit behandlingsteam som består av tre overlegar (spesialistar i psykiatri), éin psykologspesialist og legar i spesialisering innan psykiatri. Seksjonen er ein akuttpsykiatrisk eining med ansvar for om lag 120 000 innbyggjarar i Nordmøre og Romsdal.
Vi tek imot både frivillige og tvangsinnleggingar. Stillinga inneber ansvar for begge typar pasientar og gir brei erfaring med ulike akuttpsykiatriske problemstillingar. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og medisinstudentar på femte året frå NTNU, noko som gjer at opplæring og kunnskapsdeling er ein naturleg del av arbeidskvardagen.
Vi har over tid fått svært gode tilbakemeldingar på arbeidsmiljøet vårt, og mange opplever seksjonen som ein triveleg stad å jobbe. Vi legg stor vekt på samarbeid mellom spesialistane, og det er låg terskel for tverrfaglege drøftingar.
Har du lyst til å bli med på laget vårt? Send oss ein søknad!
Arbeidsoppgåver
- Diagnostisk utgreiing og behandling
- Individuell og tverrfagleg behandling
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Internt samarbeid og rettleiing
- Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
- Pårørandesamtalar
- Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
- Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med norsk autorisasjon og vedtakskompetanse. Psykolog i sluttfasen av spesialiseringa kan også søke
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå undervisning- og rettleiingsverksemd
- Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
- Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som psykolog i spesialisering
Personlege eigenskapar
- Du har god språkleg framstillingsevne
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre si kompetanse
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollega i seksjonen
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
- Du må ha god fysisk og psykisk helse
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.Kontaktinformasjon
Ingrid Ølander, Konst. seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5037236985
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a51b0e3-3ecd-45bb-886f-353fe72dc55e
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a18c8a83ed6f4b7086ca0092fb2fcca3
Lignende annonser
Psykiater
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Kommunepsykolog 100 % fast stilling
Arbeidsgiver
Vestnes kommune Eining for familie og helse
Sted
Vestnes
Arbeidsgiver
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset