Overlege/spesialist i geriatri - Volda Sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4020992144 Presentasjon av stillingen:
Volda sjukehus er ein av dei største arbeidsplassane i Volda kommune saman med Høgskulen. Det er korte avstandar til dei andre bygdene/byane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, og vi har såleis ein bu-og arbeidssmarkedsregion på ca. 65 000 innbyggjarar. Det er gode kommunikasjonshøve frå både Ørsta/Volda, med fleire daglege flyavgangar til Bergen og Oslo. Sjukehuset ligg òg sentralt til ifht. Hjørundfjorden og Saunnmørsalpane. Området vårt er godt eigna til fjord-og fisketurar og fjellturar gjennom heile året. Til dømes byr dei majestetiske Sunnmørsalpane på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar, til utfordrande klartreturar, og ikkje minst fantastiske toppturar på ski. På søre Sunnmøre er det òg eit særs blomstrande kulturliv.
Medisinsk avdeling ved Volda sjukehus har ledig stilling som overlege i geriatri
Medisinsk avdeling har 130 medarbeidarar og 10 stillingar for overlege, 6 stillingar for LIS ¿lege og 6 turnuslegestillingar.
Avdelinga er ei generell indremedisinsk avdeling med akuttfunksjonar og har følgjande greinspesialistar/funksjonar: gastroenterolog, kardiolog, endokrinolog, geriater, hematolog, og lungespesialist.
Medisinsk avdeling Volda skal yte spesialsthelseteneste til Søre-Sunnmøre som har ca. 48 000 innbyggjarar i opptaksområdet
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling og fagleg utvikling i eit geriatrisk miljø
- Delta i vakttjeneste på post, intensiv og poliklinikk
- Bidra til samarbeid i avdelinga, med andre avdelinger og i eit samhandlingsperspektiv
- Delta i utdanning av LIS-legar og bistå i undervisning internt og eksternt
Utdanningsretning
- Medisin
Personlege eigenskapar
- Gode faglege kvalifikasjonar med engasjement for faget
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode norsk kunnskapar (skriftleg og munleg), evt. motivasjon for å utvikle til min. B2 nivå
Vi tilbyr
-
Utfordrande arbeidsoppgåver, i eit godt fagmiljø med trivelege kollegaer
-
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
-
Samhandling med mange fagmiljø
-
Spanande og variert arbeid
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
-
For meir informasjon om helseforetaket eller vår region, sjå Helse Møre og Romsdal og Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Randi Revheim, Seksjonsoverlege, (+47) 90789865
Mona Ryste, Avdelingssjef, (+47) 70058651
Arbeidsstad
Volda sjukehus
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:2019/1431
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 19.06.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.