Sjukepleiar/vernepleiar ved Hogslia i Open omsorg indre
Org. nr: - Stillingsident: 4301408953 Presentasjon av stillingen:
I Bremanger kommune - for tida Hogslia i Open Omsorg Ytre - er det ledig faste stillingar i 100% og 55 % som vernepleiar/sjukepleiar eller andre med relevant høgskuleutdanning.
Stillingane er ledige frå 01.02.21.
Hogslia er ei avdeling i Open omsorg Ytre Bremanger der det er 8 leiligheter i eit fellesskap, og dei som bur der har ei utviklingshemming. Hogslia er ein trivelig plass å både bu og jobbe i.
Arbeidsoppgåver
• Målretta miljøarbeid
• Ansvarsvakter
• Ansvar for primærgrupper
• Medansvar for legemiddelhandtering
• Veiledning av kollegaer, studentar og lærlingar
• Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåve frå ledar
Kvalifikasjonar
• Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
• Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve
• Må ha førarkort for personbil (B).
• Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.
• Gyldig politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
• Engasjement og fagleg fokus
• Bidra til å gjere kollegaene dine gode, og gje kollegastøtte i krevjande situasjonar
• Godt humør, fleksibilitet og løysningsfokus
• Gode samarbeidsevne
• Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
• Tilbod om fast stilling
• Hogslia har fleksibel turnusordning der dei tilsette i stor grad er med å påvirke når dei skal jobbe. Vi har årsturnus og i utgangspunktet er det arbeid kvar 2. helg, men med dispensasjon til langvakter vil det bli 14 helgar pr. år. Turnusen er 3-delt men vaktene vil i stor grad bli dag- og seinvakter -- enkle vakter eller som langvakter. Det er på dag- og seinvakter vi har mest behov for denne kompetansen
• Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
• God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
• Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
Ring gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Margritt Myklebust, Fagleiar Hogslia, 95 98 87 74
Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, 959 82 940
Arbeidsstad
Stasjonsvegen 16
6727 Bremanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bremanger kommune
Referansenr.:4301408953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2021
Søknadsfrist: 15.11.2020
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no