Lege i spesialisering innan indremedisin
Stillingsannonsen er inaktiv.Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Vil du bli med på laget vårt?
Seksjon for medisinske legar i Klinikk SNR - Kristiansund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin. Vikariatet er ledig foreløpig i 1,5 år frå mars 2022 med moglegheit for forlenging. Vikariatet tel som ein del av spesialistutdanninga, og gjer det vidare mogeleg med spesialisering innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske spesialitetane.
Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3 legar deler sekundærvakta. Avdelinga ønskjer gjerne å leggje tilrette for at ein av legane i spesialisering kan ha 20-40 % stilling ved Aure rehabiliteringssenter.
Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak.
Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Derfor kjem du til Kristiansund:
- Kristiansund er perlen på Nordmøre med naturskjønn beliggenhet ut mot havet
- Hyggeleg småby med eit variert utvalg kaféar og spisestader
- Eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år
- Ein kort biltur unna Atlanterhavsvegen med sin spektakulære beliggenhet og fleire sjarmerande fiskevær
- Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, og med mogelegheit for vidare flybytte
- Eit godt sosialt miljø
Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift
- Undervisingsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk legeautorisasjon
- Godkjent turnusteneste/ LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Du er fleksibel, positiv og endringsorientert
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Åge Austheim, Seksjonsleiar, Age.Austheim@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4472399829
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2022
Sluttdato: 01.03.2023
Søknadsfrist: 01.08.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Hjemmeside
www.helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan indremedisin
Antall stillinger
1
Oppstart
1. september 2022
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. august 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 5c3f124fd5eb45c28de9d0ae41e5c6c3
Stillingsnummer: 79a1f583-fd96-4dc6-ab8e-42fef36a3920