Sosialkurator- barnevern
Org. nr: - Stillingsident: 4334518919 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 100% fast stilling som sosialkurator i barnevernet frå 1. april 2021.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden . Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Sosialkurator skal i hovudsak arbeide etter lov om barnevernteneste
- Oppfølgjing av familiar som tiltak i barnevernet.
- Avdelinga nyttar fagsystemet Familia
Kvalifikasjonar
- Helse- og/eller sosialfagleg kompetanse på bachelornivå
- Søkjar må disponere bil og pårekne noko reising
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid, kommunikasjon og teamarbeid
- Kan arbeide sjølvstendig og har pågangsmot
- I vurdering av søkjar legg vi vekt på utdanning, praksis og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Fagleg utvikling gjennom opplæring og kurs
Kontaktinformasjon
Aina Holmberg, Einingsleiar, 46411065
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4334518919
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2021
Søknadsfrist: 05.02.2021
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir