Lege i spesialisering (LIS 3)
Stillingsannonsen er inaktiv.BUP Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 16, 5416 Stord
Org. nr: 983974694 Stillingsident: 4387381764 Presentasjon av stillingen:
Ved BUP Stord har vi ledig fast stilling LIS 3 stilling. Aktuell arbeidsstad vil i utgangspunktet vera Stord, men og mogleg med hovudforankring ved Husnes-/Odda kontoret.
BUP Stord gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet vårt består av 6 kommunar (Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang ).
BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing, og er inndelt i 4 team. Ved poliklinikken er det 25 fagstillingar. Husnes-/Odda kontor er utekontor for BUP Stord som skal gi tilbod til pasientar frå Ullensvang og og Kvinnherad. Det er per i dag tre fagstillingar og ein merkantil med fast kontorstad på Husnes, og 3 fagstillinger ved Odda-kontoret. Alle er knytta til team på BUP Stord. Ein deltek på teammøter og internundervisning på Stord éin gong i veka.
Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra, og LIS vil ha fast veileder, følge både LIS-undervisning og internundervisning, samt arbeide i eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fellesskap. Vi legg opp individuelt tilpassa utdanningsløp, med vektlegging av eigne faglege interesseområder - sjølvsagt i samsvar med overordna utdanningskrav.
Vi søkjer entusiastiske legar som vil vere med å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom 0-18 år
- Kontakt med og rettleing av foreldre og instansar rundt barn og unge
Kvalifikasjonar
- Må ha dokumentert autorisasjon
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå BUP er ønskeleg
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- Interesse for barne- og ungdomspsykiatri
- Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Pågangsmot og evne til samarbeid
- Endringsvillig, kreativ og nytenkande
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
- Psykoterapirettleiing
- Arbeid i tverrfagleg team
- Heile spesialiteten kan tas i Helse Fonna
- Moglegheit for forsking i klinikk
- Lønn etter gjeldande avtale
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Siv Merete Handeland, Funksjonsleiar, 99 28 80 92, siv.merete.handeland@helse-fonna.no
Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar SDPS/BUP, 93 24 18 77, havard.breistein@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 16
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4387381764
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
BUP Stord, Helse Fonna HF
Adresse
Tysevegen 74, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 27. juni 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4387381764_BUP Stord, Helse Fonna HF_webcruiter
Stillingsnummer: 797c4935-8148-4411-9fb8-c0bdf27939a8