Energimontør
Arbeidsoppgåver:
Utføre tildelte oppdrag innafor høg -og lågspentnett
Feilretting
Deltaka i beredskapsvakt
Me ynskjer ein fleksibel og innsatsvillig person med fagbrev som energimontør og som har praksis frå bygging og drift av høg -og lågspentdistribusjonsnett. Me søkjer ein person med motivasjon for faget, god digital kompetanse, gode samarbeidsevner og god fysisk form. Krav om førarkort med kl B.
Me tilbyr gode arbeids- og velferdsordningar, konkurransedyktige vilkår i eit triveleg og stabilt arbeidsmiljø.
Om bedriften
RK Nett AS er eit nettselskap lokalisert på Rauland i Vinje kommune. RK Nett AS har 5000 nettkundar, våre primære oppgåver er bygging av nytt nett og drift av vårt 875 km lange høg-og lågspentnett. Selskapet har i dag 10 tilsette.