H-1 Ferievikarar Psykisk helseteneste
Vi søkjer
Ferievikarar i tidsrommet frå 01.06.2021 til 22.08.2021
Arbeidstid: Turnus
Du som søkjer må vere over 20 år.
Me ber om at du oppgjev i søknaden i kva tidsrom du kan arbeide.
Beskrivelse av avdeling
Tilsetting skjer med Tysvær kommune som arbeidsgivar, men stillinga er for tida plassert i Helse og mestring, Psykisk helseteneste.
Tenesta har ansvar for oppfølging av personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk som treng oppfølging i heimen.
Personell i tenesta bør vere vaksinert mot hepatitt A og B. Om du har spørsmål om dette, ta kontakt med tenesta.
Arbeidsoppgåver
Individuell tenesteyting i eigen bustad og i ulike aktivitetar
Krav til kompetanse
Relevant kompetanse og utdanning/interesse for fag.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Førarkort klasse B.
Vi tilbyr
Arbeid som erviktig, utfordrande og variert.
Godt fagmiljø.
Triveleg arbeidsplass.
God opplæring. Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer.
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk.
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Godkjent politattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggja føre ved tilsetjing, og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta