Rådgjevar IKT, HR- og leiarstøtte
Org. nr: - Stillingsident: 4096398824 Presentasjon av stillingen:
NAV Sogn og Fjordane og NAV Hordaland slo seg saman til NAV Vestland frå 1. januar 2019. Eit av hovudmåla er å flytte oppgåver, ressursar og kompetanse ut i organisasjonen.
Det er etablert ni regionar i det nye fylket, der Voss/Hardanger er ein av regionane. Regionen består av kommunane Odda, Jondal, Eidfjord, Kvam, Voss og Vaksdal i tillegg til Granvin herad, Ullensvang herad og Ulvik herad.
Med verknad frå 01.01.20 vil Voss kommune og Granvin herad bli slått saman. Frå same tidspunkt vil også Ullensvang herad, Jondal kommune og Odda kommune bli slått saman. NAV Voss er regionkontor og ligg i sentrum av Voss.
Den utlyste stillinga vil være lokalisert til regionkontoret på NAV Voss og ha regionleiar som fagleg- og administrativ leiar. Det er forventa at ein arbeider aktivt ute i alle kommunane og er ein pådrivar i utviklingsarbeidet innan mobilitetsløsningane og nye digitale løysingar/program
Arbeidsoppgaver
IKT-oppgaver som:
Identadministrasjon for kontora i regionen.
Kontaktpunkt mot teknisk infrastruktur.
Koordinere IT-oppgåver ved lokasjonsendringar.
Kontaktpunkt mot NAV IT og eksterne leverandørar.
Lokal brukarstøtte og rettleiing.
Være pådrivar for mobilitetsløysingane og nye digitale løysingar/program.
Organisere opplæring, t.d. via lokale digitaliseringsgrupper.
Administrative oppgåver som:
Leiarstøtte, økonomirapportering og statusrapportar.
HR: bistå i løns- og personalarbeid
Oppgåver lagt til stillinga kan verta endra over tid.
Kvalifikasjoner
Utdanningsnivå:
Bachelor eller tilsvarande (minst 3 år).
Relevante utdanningstypar:
Økonomi, Administrasjon og leiing, IKT, Human Resources.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Vi ynskjer at du har erfaring frå arbeid med:
IKT-løysingar.
Office-pakka til Microsoft og har gode kunnskapar i Excel.
Rettleiing og formidling av kunnskap.
Det er og ynskjeleg med erfaring frå personalrutiner.
Personlige egenskaper
Endringsorientert. Utadvendt. God munnleg framstillingsevne. Analytisk. Resultatorientert.
Vi tilbyr
Spanende og meningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde. Aktive og engasjerte kollegaer. Løn i stillingskode 1434 rådgjevar , lønsspenn kr. 464.000.- - kr. 496.100.-. God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)
Vi gjer merksam på at CV vert nytta i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer å verta unnateke offentleg søkjarliste må du begrunna anmodninga om unnatak. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysningar kan verta offentleg sjølv om du har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Du vert varsla dersom ynskjet om reservasjon ikkje vert teke til følge.
Kontaktinformasjon
Bjørn Søvik, Avdelingsdirektør, 98249701
Arbeidssted
Uttrågata 9
5700 Voss
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4096398824
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 26.06.2019
Om bedriften
NAV (arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstjenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidere fordelt over hele landet. NAV skal gi mennesker muligheter, og vårt hovedmål er å få flere i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ønsker meningsfulle og varierte arbeidsoppgaver.
NAV er en inkluderende arbeidsplass som er preget av mangfold. Vi ønsker at alle kvalifiserte kandidater søker jobb hos oss. Vi legger vekt på å tilrettelegge arbeidsforholdene dersom du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrer vi personer med nedsatt funksjonsevne og/eller <> om å søke jobb hos oss. De er en verdifull arbeidskraftressurs som NAV trenger.
Søkere som tilkjennegir at de har nedsatt funksjonsevne eller hull i CV-en, gjøres oppmerksom på at denne opplysningen kan bli brukt til statistikkformål ifm. regjeringens inkluderingsdugnad dersom vedkommende blir ansatt.