Sommarvikar - teknisk sektor
Org. nr: 883060482 Stillingsident: 4199065963 Presentasjon av stillingen:
Teknisk sektor ved Vanylven kommune inviterer deg til å søkje som ferievikar. Vi treng ferievikarar mellom juni og august.
Legg ved i søknaden kva tidsrom du kan jobbe.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil bestå i vedlikehald av kommunalebygg, grøntområde og maling
Kvalifikasjonar
- Søkjarar mellom 18 og 21 år vil bli prioritert
- Søkjar bør disponere bil (helst med hengarfeste)
- Du må vere fleksibel/mobil innan kommunen.
- Personar med relevant erfaring vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar
- Har interesse for praktisk og fysisk arbeid
- Er løysingsorientert og lærevillig
- Likar å arbeide i lag med andre
- Er god på kommunikasjon
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Kontaktinformasjon
Terje Kolstad, Kommunalsjef teknisk sektor, 95810289
Arbeidsstad
Rådhuset
6143 Fiskåbygd
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vanylven kommune
Referansenr.:4199065963
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Treng du fleire grunnar til å søkje deg til oss? Alle tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i Vanylven kommune får nedbetalt studielån med 15% kvart år dei er i arbeid, maks kr. 28.000,- pr år (etter nærare retningsliner). I tillegg får nytilsette på fag- og høgskulestigen med under 4 års ansiennitet, starte med løn som etter 4 års ansiennitet.