Avdelingsleiar
Sogndal kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar i teneste for psykisk helse og rus, avdeling Plassen. Stillinga er ledig frå snarast. Stillinga er delt der ein har 65% administrativt og 35% i miljøet.
Stillinga i miljøet er langvakter 4. kvar helg som utgjer 35 % stilling. Administrativ del er på dagtid.
Psykisk helse- og rustenesta i Sogndal kommune yter tenester til menneske med psykisk liding og rusproblematikk. Avdeling Plassen er forsterka bustadar og har 7 bueiningar. Avdelinga er bemanna døgnet rundt.
Arbeidsoppgåver:
Som avdelingsleiar i psykisk helse og rus, avdeling Plassen har du ansvar for dagleg drift av avdelinga og fagleg forsvarlege tenester til tenestemottakarane i henhald til vedtak, gjeldande lover, regel- og avtaleverk.
Avdelingsleiar har personalansvar og medansvar for økonomi for avdelinga. Avdelinga har om lag 10 årsverk. Næraste leiar er tenesteleiar i psykisk helse og rus.
Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Dette i godt samarbeid med tenestemottakarar, pårørande, tilsette internt og andre eksterne samarbeidspartar.
Sentrale ansvarsområde:
- Fagleg og dagleg drift av avdelinga
- Personalansvar
- Budsjett- og økonomiarbeid
- Rekruttering og opplæring
- Turnus, bemanningsplan og arbeidsplan
- HMS og internkontroll
- Utviklingsarbeid som bidreg til god livskvalitet for tenestemottakarane, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Minimum 3-årig utdanning innan helse og sosial, Bachelor
- Relevant erfaring og/eller utdanning innan leiing vil vere eit føremon
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365, Visma flyt ressursstyring og Visma Enterprise
- Politiattest
Personlege eigenskapar:
- Omsorgsfull og god på å samarbeide
- Skape tillit til tenestemottakar, tilsette og pårørande
- Motiverande
- Løysingsorientert og fleksibel
- Glad i å skape gode resultat saman med andre
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Gjennomføringsevne og avgjerdsdyktig
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb med kjekke kollegaer.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Send søknad