Kyrkjelydspedagog for sokna på toppen av Telemark
Er du lei av byens mas og kjas. Jepp - litt mer fridom og ro i kroppen gjer godt for sjela ikkje sant? Tokke og Vinje kan by på den vakraste og den mest mangfaldige naturen i Norge. Her er det godt å bo både sumar og vinter. Levande kulturliv og et uttall av ulike tilbod innanfor organiserte fritidsaktiviteter.
Vi søker etter ein person som kan formidle kristen tru til barn og unge, helst med høgskuleutdanning innan pedagogikk og kristendom, men dokumentert erfaring kan kompensere for teoretisk utdanning. Trusopplæring er for barn og unge frå 0 - 18 år. Vår nye medarbeidar skal være med på å utvikle dette arbeidet vidare. Slik vi er organisert i dag arbeider kyrkjelydspedagogen med dei minste barna og ungdomspresten med konfirmantar og dei eldre ungdommane. Dette kan bli endra. Som i alt barne- og ungdomsarbeid er vi avhengige av frivillige, så rekruttering, samarbeid og motivasjon av frivillige er viktig. Lokale planar for trusopplæring må reviderast i samband med tilsetting av ny kyrkjelydspedagog.Er du lei av byens mas og kjas. Tokke og Vinje kan by på den vakraste og den mest mangfaldige naturen i Norge. Her er det godt å bo både sumar og vinter. Levande kulturliv og eit uttall av ulike tilbod innanfor organiserte fritidsaktiviteter.
Stillinga kan kombinerast med ledig 50 % stilling som kirkemusikar/organist/kantor.
Krav:
- Personlig egnethet
- Kunne arbeide sjølvstendig
- Strukturert og målbevisst
- Evne og vilje til å arbeide saman med frivillige
- Høgskuleutdanning, kristendom og pedagogikk
- Gode referanser
- Krav om barneomsorgsattest
- Medlem av Den norske kyrkja
- Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på nynorsk
- Disponere bil og ha førarkort
- Noe helg og kveldsarbeid inngår i stillinga
Vi kan tilby
- Eit arbeidsmioljø bygd på trivsel, trygghet og humor
- Medbestemmelse over eigne arbeidsoppgåver
- Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk og tilsetting i samsvar med kvalifikasjonskrav
- KLP-pensjon
Om bedriften
Tokke kyrkjeleg fellesråd (TKF) har ledig stilling som kyrkjelydspedagog i 30% stilling.
Stillinga er eit samarbeid mellom 5 sokn i to fellesrådsområder. TKF er versfellesråd og arbeidsgjevar for stillinga. Kyrkjelydane er utprega folkekyrkjelege, med høg oppslutning om dåp, konfirmasjon og gravferd. Stabsmøte i Tokke.
TKF har totalt 5,85 årsverk fordelt på 9 tilsette i tillegg til tilsette i kortare engasjement gjennom året (sesongarbeid og vedlikehald).
Prestetenesta er teamorganisert der alle sokn i Tokke og Vinje inngår i presteskapet sitt tenesteområdet. Teamet består av sokneprest, fjellprest og ungdomsprest, med hovudkontor i Åmot i Vinje. Prestane i teamet disponera kontor på kyrkjekontoret i Tokke. Teamorganiseringa vert no evaluert. Kyrkjelydspedagogen skal samarbeide med ungdomspresten spesielt, men har ansvaret for tilrettellegging og gjennomføring av felles arrangement vedteken i lokale planar for trusopplæring.