Sjukepleiar/ vernepleiar
Org. nr: 833974724 Stillingsident: 4286838381 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst på nye og spennande utfordringar?
Vi har en ledig fast 100% stilling som sjukepleiar eller vernepleiar med arbeid pt. kvar fjerde helg.
Øyane DPS er lokalisert på Straume i Fjell kommune, om lag 15 min køyring frå Bergen sentrum. Klinikken er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden.
Klinikken består av allmennpsykiatrisk poliklinikk (med ambulant team), allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 8 senger, psykose døgnseksjon med 8 senger (kor ei seng er er brukarstyrt) og psykose/rehabiliteringspoliklinikk.
Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open døgnseksjon som tilbyr korttidsbehandling. Behandlinga er bygd på respekt for kvart menneske og der brukarmedverknad står sentralt. Seksjonen er eit ledd i ein behandlingskjede for menneske med ulike psykiske lidingar og kan ha eit høgt aktivitetsnivå. Vi ønskjer difor ei personalgruppe med god arbeidskapasitet som liker ein variert arbeidskvardag, er løysingsorientert og kan bidra inn mot et positivt arbeidsmiljø. Dersom du er en som vil bidra til et godt arbeidsmiljø og liker varierte arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
- Som sjukepleiar eller vernepleiar ved seksjonen vår vil du ha varierte og utfordrande arbeidsoppgåver knytt til drift, oppfølging og behandling av inneliggjande pasientar
- Tillaging og administrasjon av medikamentell behandling
- Arbeide sjølvstendig og i team
- Mottak og oppfølging av pasientar som blir overført frå Psykiatrisk Akuttmottak (PAM)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Fortrinnsvis klinisk erfaring frå psykisk helsevern, korttidsbehandling og/eller akuttpsykiatri
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Vernepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og fleksibelt
- Må like å samhandle og vere løysingsorientert
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Pt. arbeid kvar fjerde helg.
- Eit positivt og godt kollegialt miljø
- IA -bedrift
Kontaktinformasjon
Trude Merete Ramberg, Seksjonsleiar, 56326619
Arbeidsstad
Blombakkane 75
5353 Straume
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4286838381
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2021
Søknadsfrist: 09.10.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.