Lærar
Edland skule har ledig inntil 60% vikarstilling som lærar frå snarast og til 31.07.21 -- ID 1794.
Søknadsfrist: 29.09.20
Me ynskjer lærar som har godkjend kompetanse for undervisning på GLU 1-7 eller 5-10. Alle fag og trinn i barneskulen / ungdomsskulen er aktuelle, men det er særleg trong for fylgjande kompetanse: spesialpedagogikk og basisfag.
Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne
- God samarbeidsevne og som viser fleksibilitet, engasjement og arbeidsglede
- Lyst til å bidra i ein utviklande og lærande organisasjon
- Gode klasseleiingseigenskapar
- God kompetanse i bruk av IKT i undervisninga
- Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg
Me kan tilby:
- Eit utviklande skulefagleg miljø med plan for kompetanseutvikling
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Løn over gjeldande tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode barnehagetilbod, kulturskule og idrettslag
Nærare opplysningar om stillingane ved skulesjef Heidi S. Hylland, 971 86 876, heidi.hylland@vinje.kommune.no
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me ynskjer at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer. Administrasjonsspråk: nynorsk.
Politiattest må visast fram ved tilsetjing, jf. §10-9 i opplæringslova. I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema
Velkomen som søkjar!