K-05 Badebetjent (mannlig) 18,93% fast Tysværtunet badeanlegg
Det er ledig fast stilling for mannleg badevakt ved Tysværtunet badeanlegg frå 01.09.21
Arbeid i fast turnus på vekedagar og i helg. Me ser etter ein ansvarleg person som er tydeleg, sjølvgåande og liker å møte menneske. Vi er ein kjekk gjeng på kulturhuset som ønskjer oss dyktige og samarbeidsvillige kollegaer med godt humør.
Arbeidet i badeanlegget passar godt som ein bi-jobb og byr på varierte arbeidsoppgåver og mykje kundekontakt.
Du må vere fylt 18 år, og det må leverast politiattest jf. Politiregisterforskriften §34-13, jf. Politiregisterloven § 39 første ledd.
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta