Undervisningsstilling i betongfag
Org. nr: 974571161 Stillingsident: 4217735250 Presentasjon av stillingen:
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 390 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. I tillegg har skulen grunnskuleutdanning for ungdom og vaksenopplæringstilbod innan betong/polymerkompositt, tannhelsesekretærutdanning og helsefag for framandspråklege.
Vi søkjer etter lærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse og evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for elevane våre. Det er mogeleg å kombinere dei ulike stillingane.
Arbeidsoppgåver
Lærar i betongfag, inntil 50% frå 01.08.2020 - 31.07.2021. Den som vert tilsett må ha kompetanse til å kunne undervise i betongfag på vg2-nivå i vidaregåande skule.
Kvalifikasjonar
Høgskule eller fagskule i aktuelle fag. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse, og gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter. Søkjarar med lang erfaring frå betongfaget vil bli vurdert, sjølv om formell pedagogisk utdanning manglar.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at søkjaren
- Kan jobbe i team
- Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
- Arbeider sjølvstendig
- Er kreativ og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fag- og arbeidsmiljø
Søknadsfrist: 27.04.2020
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir og teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og prosess knytt til aktuelle permisjonssøknader.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885 eller avdelingsleiar Charlotte Østebø Nilsen, tlf. 957 09 458.
Kontaktinformasjon
Hallgeir Hansen, Rektor , 415 30 885
Charlotte Østebø Nilsen, Avdelingsleiar , 957 09 458
Arbeidsstad
Firdavegen 21
6823 Sandane
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4217735250
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 27.04.2020