Helgevaktstillingar i Heimetenester Nord
Omtale av stillinga
I Heimetenester Nord har vi frå 01.09.20 ledig faste stillingar som helgevakter.
Stillingane er frå ca.13 - til ca.21 % størrelse. Det er turnusarbeid med arbeid kvar 2 - 3 helg.
Heimetenester Nord yter teneste til heimebuande i geografisk område frå Ølve/ Hatlestrand til Mauranger, Uskedalen og Åkra.
Eininnga har to oppmøtestader. Ølve Alderspensjonat er oppmøtestad for gruppa som dekkar området Ølve/ Hatlestrand, og Rosendalstunet er oppmøtestad for dei som dekkar resten av eininga sitt område.
Eininga yter tenester til personar som bur i eigen heim, omsorgsbustadar, og bufellesskap.
Vi søkjer
Vi treng nye medarbeidarar til begge oppmøtestadane, og søkjer deg som likar å arbeida med menneske, -set brukaren i fokus, og kan vera med på laget som gjer dagen eit positivt innhald for dei som mottar hjelp.
Kvalifikasjonar
Du bør vera 18 år
For dei fleste stillingane er det krav om førarkort kl. B
Du må ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.