Lærarstillingar, vikariat i 160%, frå aug og okt 2021 og til 31.07.22
Som følge av permisjonar, er det ledig til saman ca 160% stillingsressurs, derav ca 100% st er ledig heile skuleåret (01.08.21-31.07.22) og ca 60% er ledig frå medio oktober 2021 til 31.07.22.
Undervisning i:
Fag i 100% st: spes.ped 1.-7 kl // engelsk 5.-10.kl // matematikk 5.-10.kl // samfunnsfag 5.-10.kl // KRLE 5.-10.kl
Fag i 60% st: kr.øving // spes.ped
Kva for fag som blir tillagt dei ulike stillingane, vil bli endeleg fastlagt når vi har tilsett i stillingane.
Det er viktig at det framgår av søknaden kva for fag søkjarane ønskjer å undervise i.
Nærare info:
Tenesteleiar/rektor Nina Anseth Furuheim, tlf 411 01 785
Lønn(før lønnsoppgjeret i 2021):
Årslønn: kr 411 400 -- 578 600, avhengig av utdanning og ansiennitet.
Søknad sender du til : Lesja kommune, innan 22.05.2021
Ver vennleg å sende søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no, link til ledige stillingar.
Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Dersom det blir ledig fleire stillingsressurar, brukar vi same søkjarmasse til å dekke opp stillingar som måtte bli ledige.
Den som blir tilsett, skal levere politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart i stillinga, jf Opplæringslova § 10-9, 1. og 2. ledd, jf Politiregisterlova § 39, 1.ledd.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følge, vil søkjaren bli varsla om dette.
Evt søknadspapir blir ikkje returnert
Om bedriften
Lærarstillingar, 160% vikariat, hausten 2021 til 31.07.22, Lesjaskog skule Lesjaskog skule er ein fådelt barne- og ungdomsskule med om lag 70 elevar pr i dag. Skulen har tidsmessige lokale. Bibliotek og svømmehall er samlokalisert med skulen. Skulane i Lesja arbeider med digitalisering og innføring av læreplan som hovudelement i utviklingsarbeidet.