Pedagogisk leiar
Org. nr: - Stillingsident: 4390445826 Presentasjon av stillingen:
Kleppe friluftsbarnehage søker to pedagogiske leiarar i 100 % vikariat frå 09.08.21 til 31.07.22. og 100 % vikariat frå 09.08.21 til 31.12.21 med moglegheit for forlenging.
Kleppe Friluftsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligger i sentrum av Kleppe med fleire turområde i nærmiljøet som blir brukt jamleg. Barnehagen vektlegg friluftsliv i kvardagen og vi er mykje ute. Vi er opptatt av at barna skal få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleva naturen som arena for lek og læring. Barna skal få tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø. Vi er ein sertifisert Marte Meo barnehage. Marte Meo er ein utviklingstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personale for å auke relasjonskompetanse og kvalitet på samspel med barn.
Ta gjerne en titt på nettsida til klepp kommune for meir informasjon om barnehagen eller kontakt styrer (på tlf 51425668.) https://www.klepp.kommune.no/skole-og-barnehage1/barnehage1/barnehagar-i-klepp
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Pedagogisk leiar har det fagleg-pedagogiske ansvaret for avdelinga /basen han/ho er knytte til, og skal bidra til at barnehagen samla driv som ei godt tilrettelagt pedagogisk verksemd, i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplan.
Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeida for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen. Klepp kommune har utarbeida eigen stillingsinstruks for pedagogiske leiarar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærar utdanning, men oppfordrar andre med relevant utdanning til å søkja.
- Samarbeida godt med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon. Støtta og utfordra andre for å nå teamet sitt mål.
- Kommunisera på ein klar, presis og strukturert måte.
- Vera ein autoritativ leiar. Skapa ein god atmosfære, støtta, utfordra og oppmuntra teamet.
- Ansvar for målsetting og resultata.
- Ansvar for å halda seg fagleg oppdatert.
- Sensitivitet overfor enkeltbarn og barnegruppa.
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språksnivåtilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål (jf.barnehageloven § 18 a)
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Løysningsfokusert og raus
- Evne til refleksjon og nytenking
- Evne til å jobbe strukturert og systematisk
- Fagleg sterk og opptatt av barnas beste
- Fleksibel ifht arbeidsdagar og arbeidstider
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
Før oppstart må det leggjast fram tilfredsstillande tuberkulinstatus i tråd med forskrift om
tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringslova § 10-9/barnehagelova §19
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Lønn i høve til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Cathrine Salte, Styrar, 93055166, cathrine.salte@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Fredheimsvegen 4
4352 Kleppe
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4390445826
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 09.08.2021
Søknadsfrist: 17.05.2021