Sjukepleiar eller vernepleiar til fast 50% stilling på natt
Org. nr: - Stillingsident: 4195035793 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S3 har ledig 50% fast stilling på PT på natt for sjukepleiar eller vernepleiar.
Seksjon S3 er ein akutt korttidspost med 9 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing/ diagnostisering og behandling av pasientar med akutte psykosar. Parallellt samarbeidar vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Helse Bergen ønskjer som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønskjer full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dag/kveldsvakter om ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakt
- Administrering av medisin
Miljøterapeutisk arbeid:
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Observere og dokumentere
- Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå psykiatri er ønskjeleg
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer medarbeidarar som:
- Har respekt for den enkelte pasient
- Er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- Har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- Er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- Er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- Erivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- Ønskjer og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Utfordringar og læresituasjonar
- Fadderordning
- Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervising
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Sigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530
Jeanette Westerås, Ass.seksjonsleiar, 55958734
Arbeidsstad
Sandviksleite 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4195035793
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.