Ledige stillingar Sogndal Helsestasjon
Det er ledig følgjande vikariat som helsesjukepleiar ved Sogndal helsestasjon:
- Inntil 100% i perioden 01.01.2020 - 31.12.2020.
- Inntil 100% i perioden 01.01.2020 og i ca. 1 år.
Ivareta oppgåver knytt til helsestasjonen sine ansvarsområder.
Helsestasjonen nyttar Visma HsPro sitt fagprogram.
Krav til kompetanse
Offentleg godkjend helsesjukepleiar.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar, kan det vere aktuelt å tilsetje offentleg godkjende sjukepleiarar i vikariata.
Vi ynskjer søkjarar med:
- Gode samarbeidsevner, engasjement, fleksibilitet og evne til å arbeide sjølvstendig.
- IKT-kompetanse og kjennskap til fagprogram Hspro er ein fordel.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Rekvisisjonsrett på prevensjon og erfaring frå området.
Ut ifrå personalgruppa si samansetning vert menn oppmoda til å søkje.
Spesielle vilkår for stillinga
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, ev. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø, engasjerte og kreative kollegaer.
- Fagleg utvikling.
- Løn etter avtaleverket.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
For søknad
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.
Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.
I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Om bedriften
Sogndal helsestasjon har frå 01.01.2020 ca.10 årsverk som helsesjukepleiar fordelt mellom helsestasjon, skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom, reisevaksinering minoritetshelse og smittevern. I tillegg er 0,3 årsverk knytt til helsestasjon for unge vaksne i samarbeid med Studentsamskipnaden.