Lærar i maritime fag
Org. nr: 974557592 Stillingsident: 4387768486 Presentasjon av stillingen:
Austevoll vgs har 40 tilsette og ca. 200 elevar. Skulen har tilbod innan naturbruk, fiske og fangst, akvakultur, teknologi- og industrifag, maritime fag og helse og oppvekstfag.
100 % fast stilling som faglærar på vg2 maritime fag (motormann), då me frå hausten 2021 får oppretta ein til klasse i maritime fag.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
Du må kunne undervise i programfaga på vg2 maritime fag og på vg1 teknologi og industrifag. Undervisninga går føre seg i klasserom og i ulike praktiske arena som verkstad, opplæringsbåtar og kaiområde. Du vil måtte undervise etter STCW-konvensjonen og må vera med å bidra under revisjon frå Sjøfartsdirektoratet og DNV.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som motormann eller teknisk fagskule innan maritime fag (motor) eller høgare utdanning innan maskintekniske fag.
Du må ha god kjennskap til gjeldande maritime forskrifter og internasjonalt regelverk. Du må ha gode IKT-ferdigheiter og kunne lage gode, digitale undervisningsopplegg.
Du må ha praktisk pedagogisk utdanning for å kunne undervise på vidaregåande skule. Personar utan praktisk pedagogisk utdanning kan òg søke stillinga, men må då ta denne utdanninga innan 3 år etter tilsetjing.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Personlege eigenskapar
Du må vere flink til å skape gode relasjonar med elevane og kunne samarbeide godt med andre faglærarar. Du må ha god formidlingsevne og kunne sjå kvar elev og nivåretta undervisninga slik at elevane opplev meistring i faget. Du må ha eit godt humør og gjere undervisninga lystbetont og engasjerande. Du må ha fokus på HMS og kunne jobbe sjølvstendig og målretta.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø på ein flott skule. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Vivian Bjånesø Horgen, rektor , 40221441, vivian.bjaneso.horgen@vlfk.no
Arbeidsstad
5392
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4387768486
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.