Overlege
Org. nr: - Stillingsident: 4235246181 Presentasjon av stillingen:
Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Det er fødeavdeling med om lag 365 fødslar/år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset i Kristiansund:
Vi søkjer vaktkompetent barnelege, med oppstartdato snarast.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til overlegestillinga, er det aktuelt å midlertidig omgjere stillinga til stilling for LIS for eitt
år.
Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2024. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år.Ein del av SNR vil bli nytt Distriktsmedisinsk senter ( DMS) i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk/dagbehandling.
Den som vert tilsett må rekne med endring i fast arbeidsstad ved innflytting i SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar ved DMS. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil blii inkludert i eit godt arbeidsmiljø!
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!
Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt -- og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule.For meir informasjon om Kristiansund / Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/
Arbeidsoppgåver
- Generell pediatri i sengepost og poliklinikk med vaktarbeid på sengepost og Føde/Barsel.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
- God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd
- God evne til tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne legar
- Lønn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Bente Askestad, Overlege - Medisinsfaglig ansvarlig, 71121590, bente.askestad@helse-mr.no
Eli Bente Langva , Avdelingssjef, 46412725, Eli.Bente.Langva@helse-mr.no
Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, 71121558 , siv.helen.kristoffersen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4235246181
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal