Fengselsbetjent - Auklend overgangsbolig
Stillingsannonsen er inaktiv.Stavanger fengsel
Auglendsdalen 72, 4017 Stavanger
Om stillinga
Stavanger fengsel, avdeling Auklend overgangsbustad har ledig fast stilling som fengselsbetjent i 100% turnus f.o.m. 06.04.21.
Ein fengselsbetjent på overgangsbolig skal ha evne til å planleggje, leie og evaluere innsette sitt påverknadsarbeid, sjå samanhengen mellom eigne oppgåver og andre fagområde, og ha gode kommunikasjonsevner. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Arbeidsoppgåver
- hovedkontakt for domfelte
- kontroll av inn- og utganger, frigangskontroll, samt at kontrolloppgåver jf. Strgjfl vert gjennomført
- oppfylging individuelt, via samtale og i gruppe
- ansvaret for bo- og sosial trening
- jobbe tverrfaglig og tverretatlig
- forberede og saksbehandle søknader med uttalelse etter delegert myndighet
- gjennomføra inntakssamtale
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
- forefallende praktisk arbeid
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- stillinga blir lønt som fengselsbetjent fra kr 373 400 – 458 900, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn. Våre verdiar er: tryggleik, openheit og nytenking.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.
Vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er høve til det. Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en» kan opplysinga nyttast til registreringføremål.
Prøvetida er 6 månader.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Bjørn Otto Warhuus tlf. 51906693 eller personalleiar May Olsen tlf. 51733115.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stavanger fengsel
Adresse
Auglendsdalen 72, 4017 Stavanger
Om kriminalomsorga
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder, med rundt 600 tilsette. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Stavanger fengsel har rundt 100 tilsette, og fem avdelingar med til saman 81 innsette, fordelt på kvinner og menn, varetekt og dom. Ei avdeling er rusmeistringseining for mannlege innsette. Avdeling Auklend overgangsbustad har 13 plassar med lågare tryggleik for både kvinner og menn. Fengselet er opplæringsfengsel for aspirantar.
Om stillingen
Stillingstittel
Fengselsbetjent - Auklend overgangsbolig
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. februar 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10019467
Stillingsnummer: 773e8503-9b54-4f19-b183-500cee445e8b