Sokneprest i Åsane prosti med Arna sokn som tenestestad
Stillingsannonsen er inaktiv.Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
5260 Indre Arna
Org. nr: - Stillingsident: 4047259257 Presentasjon av stillinga:
Arna sokn ligg aust for Bergen sentrum, og utgjer, saman med Ytre Arna sokn, Arna bydel. Folketalet i Arna sokn er ca. 11.000; om lag 8.300 er medlemar av Den norske kyrkja. Togsamband gjennom Ulrikstunnelen gjer avstanden til Bergen sentrum svært kort. Arna er ei blanding av drabantby, industrisamfunn og bygdekultur.
Arna kyrkje er ei steinkyrkje frå 1865. Like ved sida av kyrkja ligg Arna kyrkjelydshus, med gode lokale for eit mangslunge arbeid. Takvam kapell blir brukt ved særlege høve. Ein gong i året er det gudsteneste på Betania bedehus på Lone. Kyrkjekontoret ligg i sokkeletasjen på kyrkjelydshuset. Arna sokn og Ytre Arna sokn har felles kontor. Tilsette i Arna sokn i tillegg til sokneprest: Administrasjonsleiar, kateket, trusopplærar, ungdomsprest (50%), kantor, medarbeidarkoordinator, kyrkjetenar. Kateketen har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, og trusopplæraren har hovudansvaret for trusopplæringsarbeidet elles.
I Arna sokn er det òg 2 misjonskyrkjer og 1 pinseforsamling, i tillegg til 3 tradisjonelle lutherske bedehus. Det økumeniske klimaet er godt; gjennom mange år har det vore felles gudsteneste på bibeldagen.
Statistikken for 2018 syner at det var 65 gudstenester på sundagar/ helgedagar med eit gjennomsnittleg frammøte på 133, 46 døypte, 72 konfirmerte, 14 vigde og 54 gravlagde.
Soknepresten har også teneste med andaktar på Arna helseheim.
Arna kyrkjelyd har arbeidd med NaMu (Naturlig menighetsutvikling) sidan 2002. Det har i denne perioden vore mykje fokus på medarbeidarskap og relasjonar. 6 gudstenestegrupper er med både i planlegging og gjennomføring av gudstenestene; 7-8 gonger i året har hovudgudstenesta vore feira som tema-gudsteneste. Det er knytt eit rikt og variert musikalsk liv til gudstenestene. Det er 10 husfellesskap i kyrkjelyden, og eit omfattande diakonalt arbeid (med m.a. Hjartebanken, som er ein slags <>; 320 oppdrag i 2018). Det er fleire relasjonsbyggande (pre-evangeliserande) tiltak i gong (frå Babysong til Seniorsenter).
Etter å ha vore i ein bølgedal, er ungdomsarbeid no under oppbygging.
Kyrkjelyden har 2 misjonsprosjekt.
Soknepreststillinga i Arna vert ledig frå ca 1.desember 2019.
Stillinga er plassert i stillingskode 1555 sokneprest, med pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Godtgjering vert gjeve etter til ein kvar tid gjeldande reglement.
Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei nyttar begge målformene.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil. Beredskap i Åsane og Nordhordland prosti etter gjeldande ordning.
Vi bed om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter
Arbeidsoppgåver
- Forkynning og arbeid med gudstenesteliv og kyrkjelege handlingar.
- Undervisning og formidling til ulike aldersgrupper. Medverke i konfirmantopplæringa.
- Planlegging og utviklingsarbeid i samarbeid med kyrkjelege tilsette, råd og utval og med frivillige medarbeidarar.
Utdanningsnivå
- Mastergrad i teologi og praktikum
- Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Personlege Eigenskapar
- Vi søkjer etter ein prest
- som vil vere ein tydeleg pastoral leiar for kyrkjelydane gjennom fokus på gudstenesta
- som har evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper
- som vil gå inn i, og vere aktivt med å utvikla det kyrkjelydsbyggande arbeidet i soknet
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, (+47) 996 25 480
Øystein Skauge, prost, (+47) 900 51 359
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Ref. nr.:4047259257
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 22.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4047259257&company_id=260868788&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Adresse
Lakslia 21, 5261 Indre Arna
Åsane prosti omfattar 6 sokn i Bergen kommune og 5 sokn i Osterøy kommune. Arna sokn samarbeider med Ytre Arna sokn om tenesteveker, gudstenester og fleire trusopplæringstiltak. 17 prestar i prostiet møtest regelmessig til fagleg utvikling, og åndeleg og sosialt fellesskap. Prosten leiar prestetenesta i prostiet og ivaretek arbeidsgjevaransvaret overfor prestane. Beredskap i prostiet høyrer med til stillinga.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4047259257_Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme_webcruiter
Stillingsnummer: 772a06cb-f7c2-4cde-ab19-f8836cc262a7