Kantor/organist
Org. nr: - Stillingsident: 4355072418 Presentasjon av stillingen:
Askvoll kommune, med ca. 3000 innbyggarar, ligg ytst i Sunnfjord i vakker vestlandsnatur. Det er to daglege ekspressbåtavgangar sørover til Bergen (2,5 t) og nordover i fylket. Det er kort veg til Dale (20 min) og Førde (1 t) med bil. Det er god barnehagedekning i kommunen og eit godt servicetilbod i sentrum.
Det er årleg om lag 80 gudstenester i soknet fordelt på seks faste gudstenestestader. I tillegg er det årleg om lag 40 gravferder og vigsler i soknet. Vi har eit aktivt kyrkjekor der organisten er dirigent. I tillegg ønskjer vi å få etablert eit barnekor i kyrkjelyden. I Askvoll kyrkje er vi godt utstyrt med instrument og lydutstyr til bandverksemd etc.
Orgelet her er eit Olsen & Jørgensen frå 1904, som vart fullrestaurert i 2019. Soknerådet har planar om å ta til med restaurering av orgelet i Holmedal kyrkje i løpet av 2021. Orgelet er eit Claus Jensen-orgel frå 1881/1882, som opphavleg sto i Sandviken kyrkje i Bergen, og kom til Holmedal i 1919. Vi har også ein plan om på litt sikt å få anskaffa eit flygel til hovudkyrkja, og samlar regelmessig inn pengar til dette.
På kyrkjekontoret har vi faste kontorplassar til kyrkjeverje, kyrkjesekretær, sokneprest, organist og trusopplærar.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i soknet.
- Musikalsk ansvar for gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Korleiing (barne- og vaksenkor).
- Medverke i andakter på Askvollheimen.
- Deltaking i kyrkja sitt kulturarbeid, medrekna konsertverksemd.
- Kontakt og samarbeid med lokalt musikkliv.
- I nokon grad vil den som vert tilsett medverke til å fastsetje stillingsinnhaldet .
Kvalifikasjonar
- Formelle kvalifikasjonar, jamfør tenesteordning for kantorar (annan relevant utdanning og praksis vil kunne bli vurdert).
- Meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg.
- Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja (her kan dispensasjon verte gitt i særskilte tilfelle)
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både med tilsette og frivillige.
- Evne til å arbeide strukturert, aleine og i team.
Me tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtalar i KA sitt tariffområde.
- God pensjonsordning i KLP. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
- Kontorplass på kyrkjekontoret i Askvoll sentrum i triveleg kollegafellesskap.
- Arbeid på kveldstid og i helgar vert godtgjort særskilt ihht. tariffavtale.
- Søkjar må disponere bil (skyssgodtgjersle)
Kontaktinformasjon
Rune Ziener, kyrkjeverje, 47963319
Arbeidssted
Kyrkjekontoret
6988 ASKVOLL
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Askvoll sokn
Referansenr.:4355072418
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2021
Om bedriften
Askvoll kommune, med over 3000 innbyggarar, ligg ytst i Sunnfjord i vakker vestlandsnatur. Det er to daglege ekspressbåtavgangar sørover til Bergen (2,5 t) og nordover i fylket. Det er kort veg til Dale (20 min) og Førde (1 t) med bil. Det er god barnehagedekning i kommunen og eit godt servicetilbod i sentrum.