Fysio, og ergoterapitenesta søker
Sunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 13. desember
Fysio/ergoterapitenesta i Sunnfjord kommune har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Sunnfjord kommune ligg sentralt plassert på vestlandet, og har om lag 22 000 innbyggarar. Førde er den største byen og eit knutepunkt i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Køyreavstand til Bergen er om lag 3,5 timar, og i regionen er det flyplassar både i Førde, Florø, Sogndal og Sandane. Regionen er omkransa av fjordar og fjell, noko som legg til rette for flotte naturopplevingar. I nærområdet er det mange moglegheiter for fine toppturar, både til fots og på ski, og her er fleire skianlegg.
100% vikariat fysioterapeut 15.01.2025 - 31.12.2025Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med barn og unge, i områda Førde og Sande i Sunnfjord. I vikariatet kan det også vere aktuelt med arbeidsoppgåver retta inn mot vaksne og eldre.
Tenesta har eit nært samarbeid med andre kommunale tenester, og vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling.
Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine i hovudsak vere:- Vurdering, oppfølging og rettleiing av barn/unge med motoriske vanskar. Dette skjer på ulike arenaer, som til dømes i heimen, i barnehage/skule og i lokala våre i Førde og på Sande.
- Oppfølging av barn/unge med behov for habilitering.
- Hjelpemiddelarbeid.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper.
- Det kan også bli aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt vaksne og eldre brukarar, som til dømes poliklinisk oppfølging, oppfølging på korttidsavdeling, drift av treningsgrupper og anna.
- autorisasjon som fysioterapeut
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- politiattest må leverast før oppstart i stillinga
- ha god arbeidskapasitet, og kunne handtere ein kvardag med mange og varierte arbeidsoppgåver
- vere strukturert, og kunne planlegge eigen arbeidskvardag
- ha god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc, Pasientsky og CGM.
- vere fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- ha erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
- ha noko erfaring frå arbeid med fysioterapioppfølging av born er eit ønske, men ikkje eit absolutt krav
Nyutdanna fysioterapeutar vert også oppfordra til å søke!
Oppgje referansar i søknaden
Velkommen som søkar til flotte Sunnfjord!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Einingsleiar Marita Brandsøy Lystad
+47 952 23 424 +47 57 02 12 77
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2802135
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3434591_191681_nn