Miljøarbeidar
Me søkjer:
Miljøarbeidar i 70%fast stilling ved Hauatunet bufellesskap, Ølen.
Stillinga er ledig frå 01.12.2020.
Hovudarbeidsoppgåver
Miljøarbeid, tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål, behandling, individuelle samtalar, deltaking i ansvarsgrupper, rettleiing, forhalde seg til nye retningslinjer, samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.
Kvalifikasjoner
- Helsefagarbeidar med vidareutdanning innan rus og psykiatri
- Vi legg vekt på personlege eigenskaper
Andre opplysninger
- Arbeidstida er turnus med vakt kvar 3. helg.
- Hauatunet er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordingar.
- Må ha sertifikat, bruk av eigen bil kan førekomme.
Stillinga høyrer til under eining Rus og Psykatri.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
- Engasjert, med god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar og vere løysningorientert
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein storlandbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å verasentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.