Sjukepleiar 75 % fast nattstilling ved Løkevegen bufellesskap - Omsorg
Org. nr: - Stillingsident: 4094768271 Presentasjon av stillinga:
Løkevegen er eit bufelleskap for menneske med utfordringar innanfor rus og psykiske helse. Vi søkjer dyktige og kjekk kollegaer som vil vere med å utvikle tilbodet vidare. Vi har utvida talet på bustader og tilbyr jobb i nye moderne lokaler. Medarbeidarane har lang erfaring og høg kompetanse.
Rus/ psykisk helsearbeid er eit satsingsområde i Giske kommune og vi arbeider med prosjektet "Framtidsretta rus- og psykiske helsetenester i Giske kommune". Det er etablert ØHD tilbod. Vi samarbeidar tverrfagleg i kommunen med m.a. psykisk helse og rustenesta, og legetenesta.
Stillinga er ledig frå snarast, og inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Målretta arbeid i tråd med individuelle vedtak og planar.
- Ein må vere fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver på tvers i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning og erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse.
- God digital kompetanse.
- Framandspråklege søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil.
Personlege Eigenskapar
- Er fagleg oppdatert.
- Er fleksibel og engasjert.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Har gode evner til å arbeide sjølvstendig og til å stå i utfordrande situasjonar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing på kommunale vilkår med konkurransedyktig løn. Vi bruker løn som virkemiddel for å rekruttere dyktige fagpersonar.
Kontaktinformasjon
Eva Kathrin Bakken Ytterland, konstituert avdelingsleiar, (+47) 41702325
Monica Beinset, einingsleiar, (+47) 46412388
Arbeidsstad
Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Giske kommune
Ref. nr.:4094768271
Stillingsbrøk: 75%
Deltid, Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 23.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4094768271&company_id=3203204004&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.