Ferievikar i Fellessekretariatet Kvam rådhus
Presentasjon av stillingen:
Fellessekretariatet har ansvaret for sentralbord, posthandsaming og arkivteneste for Kvam rådhus. I tidsrommet juni - august skal me avvikla feriar og har behov for vikar.
Arbeidsoppgåver
Sentralbordteneste, posthandsaming, kundehandsaming og arkivteneste
Kvalifikasjonar
Du må vera fylt 18 år og har du litt arbeidserfaring er det ei føremon. Du må ha evne til å arbeida sjølvstendig og til å samarbeida med andre
Personlege eigenskapar
Serviceinnstilt og engasjert
Fleksibel og løysingsorientert
Lika utfordringar i arbeidet
Møte andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
Travel og lærerik sommarjobb
Verdifull og nyttig arbeidserfaring
Løn etter sentral tariffavtale
G enerell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Gunvor Utne Mæland, Leiar fellessekretariat, 56 55 30 15
Arbeidsstad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kvam herad
Referansenummer:4020211153
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 17.03.2019
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir