ID 1676 Ferievikar ved Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og Døgnavdeling IDA
På legevakta treng me sjukepleiarar med minst 2 års erfaring. Medisinstudentar som har bestått 3.året kan og søkja. Ved døgnavdelinga treng me legevikar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar , samt sjukepleiarstudentar. Sunnhordland interkommunal legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.
Søkjer du ein interessant sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss. Me har behov for ferievikarar i perioden 21/6- 15/8-2021 ved legevakta og Døgnavdeling IDA.
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå. Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg.
Høyres dette interessant ut? Søk då vel!!!
Ferievikarar må leggja fram politiattest av nyare dato!
Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Mona Yvonne E. Lothe 53 23 30 53
Søknadsfrist 21. februar 2021. Kan verta forlenga