Vaken nattevakt fast 72%
Stillingsannonsen er inaktiv.Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest
Rogalandsgata 18, 4011 Stavanger
Om stillinga
Ved Stavanger Ungdomssenter er det ledig 72 % fast stilling som miljøterapeut knytt opp i mot institusjonsavdelingane. Stillinga er for tiden hovudsakeleg plassert på avdeling Våland
Kva får du jobbe med hos oss?
- Ivareta ungdommane på nattestid
- Rullerande vaktansvar.
- Skrive rapportar og anna skriftleg arbeid
- HMS sjekkrunder
Korleis bakgrunn har du?
- Minimum treårig sosialfagleg høgskuleutdanning, det vil seie gjennomført bachelor med 180 studiepoeng i vernepleie, barnevern eller sosionom.
- Det vert krevd erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon eller liknande, særleg med ungdom som målgruppe.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Gode datakunnskapar.
- Førarkort for personbil.
Kven ser vi etter?
- Trygg og sjølvstendig vaksen.
- Pålitelig og nøyaktig.
- Gode evner til samarbeid.
- Strukturert
- Fleksibel
- Evne til å analysere problem og vurdere forslag til løysning.
- Evne til å ta imot rettleiing og gjere seg nytte av denne.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar, lønsramme 15, alt. 6-11, p.t. kr 393 000 - 526 000 pr. år (ltr. 41-59).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan stillinga plasserast i kode 1509 spesialutdanna vernepleier, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog eller 1185 spesialutdanna sosionom, LR 18, alt 5 - 11, p.t. kr 458 900 - kr 555 800 pr. år (ltr. 51 - 62),
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har ei stor verdi i seg sjølv
Opplysningar til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrkje, noko som gjere at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidare med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, leggjer vi til rette for deg om du trenge det. Utanom å velje ut riktige kandidater, bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Avdeling Våland.
- Dersom du får tilbod om om stillinga, må du leggje fram politiattest, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikke leggjes med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlisten. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ynskje ditt ikkje takast til følgje, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25
Kontaktinformasjon
Avdelingsleder Ole Tormod Wasbø, tlf 466 18 639
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.
Vitnemål samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest
Adresse
Rogalandsgata 18, 4011 Stavanger
Hjemmeside
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy, Våland og familieavdelinga. Senteret har 25 godkjende plassar for relasjonsskader og åtferdsvanskar. Familieavdelinga gjev tilbod om oppfølgjing av familiane til borna/ungdommane som bur i avdelingane, og til fosterheimane som er knytt til senteret.
Om stillingen
Stillingstittel
Våken nattevakt fast 72%
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 26. februar 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10020444
Stillingsnummer: 766a1a8e-15c7-4871-b9ff-e50f9b1e7a6d