ID 1614 Helsefagarbeidar - Heimebaserte tenester
Det er ledig 2 x 100% stilling som helsefagarbeidar i Heimebaserte tenester, avdeling sentrum Heimebaserte tenester i Stord består av 3 geografisk inndelte avdelingar. Me gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande i heile kommunen. Avdeling sentrum har base i Leirvik sentrum. Avdelingane er delt inn i tre arbeidslag, som arbeidar etter primærkontaktmodellen.
Arbeidsoppgåver:
Som helsefagarbeidar har du ansvar for å følge opp brukarane våre i tråd med prosedyrar, rutinar og vedtak. Du er ansvarleg for god fagleg dokumentasjon i høve brukarane. Saman med andre yrkesgrupper har du ansvar for pleie og behandling av kvar einskild brukar.
Du bidreg til kvalitetsutvikling, rettleiing og HMT arbeid. Du har fokus på brukarmedverknad og møter brukar og pårørande i tråd med «Kva er viktig for deg?»
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Gode IT kunnskapar
- Ønskeleg med relevant erfaring, anten frå studie eller praksis
- Du snakkar så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre dine arbeidsoppgåver sjølvstendig
- Du har førarkort kl B
Personlege eigenskapar:
- Du er stolt over faget ditt
- Har evne til samarbeid og fleksibilitet
- Arbeidar målretta og resultatorientert
- Gjev og tek i mot rettleiing
- Arbeidar sjølvstendig og strukturert
- Har evne til kritisk refleksjon over eigen praksis
Vi tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff med tillegg for relevant vidareutdanning
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: avdelingsleiar Anne Grete Vik tlf 481 57 741 eller einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård, tlf 975 52 102
Søknadsfrist: 26.07.20