Fastlege/kommuneoverlege - ID 1116
Stillingsannonsen er inaktiv.Kviteseid kommune
Kviteseid kommune
Søknadsfrist: 31.05.2021 Ynskjer du å arbeide som fastlege/kommuneoverlege i ein av Vest-Telemark finaste kommunar?
På Kviteseid legekontor har me ledig stilling som fastlege og kommuneoverlege. Legekontoret er ein del av Kviteseid helsesenter og knytt til helsestasjon, fysioterapi, psykisk helse og rustenesta. Som fastlege i kommunen vår jobbar du tett saman med andre kollegaer i kommunen si helse- og omsorgsteneste. Me trur at tett tverrfagleg samarbeid gjev oss eit rom for ein unik nærleik til brukarane våre. På legekontoret blir du ein av tre fastlegar, i tillegg til ein LIS1. Me har fem kontortilsette og er ein arbeidsplass med god takhøgde og mykje humor.
LEDIG STILLING
Ved Kviteseid helsesenter, legekontoret er fylgjande stilling ledig:
Fastlege/kommuneoverlege ID-1116, 100 % fast, tilsetjing frå 01.06.2021.
Stillinga tyder pasientretta arbeid som fastlege og rådgjevande funksjon som kommuneoverlege. Kommuneoverlegeoppgåvene utgjer om lag 40 % av stillinga. Det er mogleg å søkje på stillinga kun som fastlege.
Som kommuneoverlege vil du vere kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar. Du får ansvar for samfunnsmedisinske oppgåver på eit administrativt nivå og fagansvar for legetenesta i kommunen. Organisatorisk er stillinga plassert i eining for helse. Einingsleiar for helse vil vere næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
Fastlege:
- Kurativt legearbeid inkludert helsestasjonsarbeid
- Pasientkonsultasjonar med listetak på 900
- Vakter i interkommunal legevaktsordning. 10 delt vaktordning med vaktslutt kl 23:00
- Samarbeid med andre faggrupper i kommunen si helseteneste
Kommuneoverlege:
- Pasientkonsultasjonar med listetak på 600
- Medisinskfagleg rådgjeving for den kommunale organisasjonen
- Fagleg ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap
- Oppgåver med mynde etter Lov om psykisk helsevern
- Ivaretaking av andre oppgåver som i lovgjevinga er særskilt tillagt kommuneoverlegen
- Samfunnsmedisinsk rådgjeving i kommunen sitt folkehelsearbeid og plan- og samfunnsutvikling, delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
- Medverke i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
- Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
- Sakshandsaming av politiske saker på fagfeltet
- Deltaking i kommunen si kriseleiing
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege. Fullført LIS1
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Må ha førarkort og disponere eigen bil
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Relevant erfaring
- Førarkort klasse B
- God framstillingsevne i norsk, både munnleg og skriftleg
- I stilling som kommuneoverlege vert spesialistutdanning i samfunnsmedisin vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og erfaring med å takle akutte situasjonar
- Positiv innstilling og fagleg engasjement
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidseigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
I stillinga som kommuneoverlege ynskjer me ein person med:
- Interesse og engasjement for samfunnsmedisin
- Analytisk og evne til å tenke heilskapleg
- Handlekraft
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
- Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
- Kontortid frå 08:00 -- 15:30
- Avsett konsultasjonstid på 30 minutt per pasient, dette for å sikre nok tid til skrivearbeid
- 4 veker permisjon med løn i året til fagleg utvikling og kompetanseheving
- 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kursing
- Allsidig pasientgruppe
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.
Kviteseid kommune er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kviteseid kommune
Adresse
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. juni 2021
Hentet fra: Kommuner.i.Telemark
Referanse: /fastlegekommuneoverlege-id-1116.6385944-480321.html
Stillingsnummer: 764e687a-cafd-4895-b256-57e043e66f26