Driftsleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad videregåande skule, Vestland fylkeskommune
5460 Husnes
Vestland fylkeskommune(VLFK) har ansvar for å utvikle Vestlandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er nå ledig ny fast 100 % stilling som driftsleiar tilknytta VLFK sitt Bybanedepot på Kokstad, men og med ansvar for annan bygningsmasse tilknytta Bybanen i Bergen.
Driftsleiar vil rapportere til områdeleiar. Den som vert tilsette skal etter opplæring på bygget og dei tekniske installasjonane, ta i vare dei oppgåvene som nemnt under.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg.- Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
- Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen.
- Vera byggeigar sin representant på bygget ovenfor brukerne av bygget samt utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga.
- Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga.
- Være brannvernleiar.
- Andre oppgåver knytt til drifta.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis innen elektro, automasjon eller ventilasjon. Anna relevant erfaring innan bygningsdrift kan også vera aktuelt.- Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg.
- Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø.
- Praktisk yrkeserfaring.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon, vera kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.- Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen.
- God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy.
Vi tilbyr
- Spennende oppgaver i eit tverrfaglig miljø- Engasjerte og dyktige medarbeidere
- Gode muligheter for faglig utvikling
- Gode pensjonsordningar.
- Lønn etter avtale
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste
Kontaktinformasjon
Rune Knudsen Aadland, områdeleiar, 41346620Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:4588689607
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.01.2023
Søknadsfrist: 05.12.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad videregåande skule, Vestland fylkeskommune
Adresse
Opsangervegen 160, 5460 Husnes
Om stillingen
Stillingstittel
Driftsleiar
Antall stillinger
1
Oppstart
1. januar 2023
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 6. desember 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: ff5e8d37b7a6430dbf80673fb1333c04
Stillingsnummer: 76472db0-849d-4e24-8fdb-cc6930cb692b