Tilkallingsvikarar - Rosendal Helsesenter
Tiltredelse snarast, eller seinare etter avtale. Det er ønskeleg at tilkallingsvikaren òg kan vera ferievikar.
Arbeidsoppgåver:
• handtera førespurnader frå innbyggarar i Kvinnherad kommune, som treng medisinsk hjelp
• rettleia og gi råd til pasientar
• prioritera og setja i verk behandlingsnivå
• vareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av verksemda
• laboratoriearbeid
• behandla kroniske og akutte tilstandar på skadestove
• hjelpa og assistera lege ved kirurgiske inngrep og undersøkingar
• administrering av medikament etter ordinasjonen frå legen
Kvalifikasjonar:
· Offentleg godkjent helsesekretær eller annan fagarbeidar innan helse
· Relevant erfaring er ønskeleg
· Gode data evner
· Beherske norsk godt skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
· Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
· Taklar ein hektisk arbeidskvardag
· Evne til å jobba sjølvstendig og strukturert
· Fleksibel
Vi tilbyr:
· Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Utviklande og spennande stilling der få dagar er like
· Eit godt fagmiljø
· IA-avtale og bedriftshelsetenester
Tilsetjing
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.
Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.
Offentligheit
Opplysningar om søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
Einingsleiar Helse Irina Zimina tlf. 488 94 055, irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her