100% fast stilling som miljøterapeut
Stillingsannonsen er inaktiv.Voss herad
Førebygging og rehabilitering
Stillinga ligg under avdeling for førebygging og rehabilitering
Arbeidsplass ved dagavdelinga på Voss Sjukeheim og/eller Hagahaugen dagavdeling.
(Stillinga kan delast opp, 40% / 60%)
Om arbeidsstaden
Dagavdeling for heimebuande er delt opp i tre avdelingar. To avdelingar, ei ved Voss Sjukeheim og ei ved Vetleflaten/Hagahaugen, har tilrettelagt dag / ettermiddagstilbud til heimebuande personar med demens. Den tredje avdelinga vår ligg på Hagahaugen har aktivitetstilbod til heimebuande eldre. Avdelingane har tett samarbeid med dei ulike institusjonane, tildelingskontoret, sjåførtenesta, heimetenestene og pårørande. Arbeidsmiljøet er farga av engasjement og interesse for å skape eit levande dagaktivitetstilbod for brukarane. Det er fokus på personsentrert omsorg som ivaretek
brukarane sine verdiar og interesser. Målet med dagaktivitetstilbodet er å leggja til rette for aktiviteter som oppleves
som meiningsfulle og skapar gode opplevingar for brukarane. Vidare er det fokus på at brukarane skal oppleva
meistring og oppretthalde funksjonar som har betydning for korleis ein fungerer i dagleglivet.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegging og tilpassing av aktivitetar
- Tilberede enkle måltid/middagsvarming
- Tilrettelegging i spisesituasjon
- Hente og bringe brukarar frå heimen i lag med sjåfør
- Observarsjon og oppfylging av ernæring og funksjonsnivå
- Tett samarbeid med heimetjenesten, pårørande og tildelingskontoret
Me søkjer
- Miljøterapeut (ergoterapeut/vernepleiar)
- Som har fagkunnskap om aktivitet og aktivisering som fremmar meistring
- Som har kunnskap om individuell tilrettelegging for aktivitet
- Som er kreativ og har evne til å sjå løysingar som er til det beste for brukarane våre
- Med gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Fordel om du har kunnskap og kompetanse på demens, alderspsykiatri og geriatri
- Fordel om om du har erfaring, engasjement og interesse for arbeid med demensomsorg
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Voss herad
Adresse
5704 Voss
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. mars 2020
Hentet fra: Voss kommune
Referanse: rekruttering.voss.kommune.no/recruitmentVK/opening?2459/20 LG
Stillingsnummer: 76047263-a168-441b-acd2-bafab52367f3